Lysrom

  • Forstørr
  • Standard skriftstørrelse
  • Forminsk
Hjem Politikk Sei nei til skaubjønn

Sei nei til skaubjønn

E-post Skriv ut PDF

Det finst nok blodsugarar mellom oss, men skaubjønnen kan me i det minste gjera noko med.

Om lag 12.500 gongar er det slått "flåttalarm" før, så det skal me ikkje gjera no. Lat oss heller stilla spørsmålet: "Kvifor kjem det meir skaubjønn?"

Blodsugerane spreier seg
I min barndom hadde alle høyrd om ein eller to som hadde vorte bitne av ein skaubjønn. Eg visste ikkje at ein kunne verta lamma, alvorleg sjuk og det som verre er. Borreliose og Skogflåttencefalitt var framandord.

I dag, et par decennier seinere, kjenner dei aller fleste ein eller fleire som ikkje berre har vorte bitne av skaubjønn, men som også har fått alvorege plager som følgje av blodsuget.

Fire ting
Det vert meir skaubjønn på grunn av vår framferd. Mellom anna. Fire ting skil seg heilt klart ut som menneskeleg framferd som talar til fordel for skaubjønnane:

1: Grana spreier seg. Det har ho alltid gjort, men ho gjer det altså framleis. Og skaubjønnane trivst best i barskog. Medan det framleis sprong vikingar kringom i landet var det langt mellom granskauane, men i dag er grana det vanlegaste treslaget i Noreg. Og kvifor? Jauda, det er god økonomi i grana, for ho er nesten som poteten - ho veks nesten overalt og kan brukast til det meste. Me reknar med at grana står for om lag halvparten av kubikkmassen og tilveksten i skaubruket. Og skaubjønnane elskar ho.

2. Talet på gauper går ned medan det vert fleire elg-, hjort- og rådyr. Skaubjønn lever av blod, gjerne frå desse hovdyra. Gaupene er ettertrakta vilt mellom jegarar for det går med en god porsjon hovdyr når gaupemor skal læra opp ungane sine til å verte sjølvstendige. Jegerane vil nemleg ha hovdyra for seg sjølve. Den aukande (!) gaupekvota vert gjerne fylt i løpet av fyrste dag av jaktsesongen. Og skaubjønnane fråtsar i mat medan antalet hovdyr veks i utakt med dei økologiske prinsippa.

3. Ingen held skauen i stand lenger. Om ein fjerner høgt gras, busk og kratt, vert alt så mykje betre. På nokre øyer med store skaubjønnproblem kan det hjelpe om ein fjerner hovdyr, som er vertar for dei vaksne skaubjønnane.

4. Ingen brenn bråte lenger. Det er ganske enkelt ikkje lov. Vel, det er ei sanning med modifikasjonar. Det er ikkje lov å brenna bål i perioden 15. april til 15. august, med mindre ein får løyve frå avgjerdsmakta. Og kva har bråtebrann med skaubjønn og gjera? Vel, røyken svir og skaubjønnane forlet skog der det luktar bål. Tjæreolje er forresten eit særs effektivt antiskaubjønnmiddel.

Ei oppmoding
Oppmodingane er klåre: (1) Om du skal hogge trær - hogg gran. (2) La gaupa i fred.  (3) Ta med ei lita øks neste gang du går gjennom skogen og rydd opp litt. (4) Ta alle dei forholdsreglane som er naudsynte, ring avgjerdsmakta - få dei på inspeksjon - og brenn eit inni helvetes bål til Jonsok, om ikkje før.

Lykke på skauferd i sumar!

Vyrdsamt /

Kå Jådd

Post Scriptum:
Folkehelseinstituttet oppmodar skogsglade folk i Vestfold, Telemark og Agder-fylka om å ta vaksine mot Skogflåttencefalitt. Borreliose finst det ingen vaksine mot.

Postquam Post Scriptum:
Hugs flåttvettreglane!

Sist oppdatert onsdag 22. juni 2011 07:53  

Klikkterapi

Er det mye korrupsjon i kommunale organer?
 

Gratisannonsen

Rød liste


Sitatet

"Jeg hørte det knakk" Annette Groth skled på isen.
Hele førstesiden i VG 6.1.2009

Les også